Blog Image

Kvalpedagbok

Om bloggen

Det er mykje som skjer frå ein kvalp vert fødd til den reiser til sin nye heim. Her kan du følge denne gjengen med goldenkvalpar dei åtte vekene dei skal vere her hos oss.
Velkomen :-)

Bloggen

veke 8 Posted on Wed, July 09, 2008 11:44

No har alle reist, og vi held på å omstille oss til “normalen”. Det er trist, men nødvendig når kvalpane reiser, og eg er sikker på at alle har komt til veldig gode heimar!
Eg har endelig fått komt ajour med bilda her i bloggen. For dei som er interesserte, er det mange nye innlegg nedanfor her m.a. portrett av kvalpane og bilder av dei siste tre som reiste.

Tenkte å fortsette med litt blogging framover til kvalpane er eit år, både med bilder av og litt om utviklinga til jenta vår, og bilder som eg får frå dei nye familiene.

Jenta som skal bo her heiter Månetoppens Cayenne, Sine. Søndag var vi på ein liten tur til Bjørdalsvatnet, her er nokre bilder.
Blog Image

Blog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog Image

Blog Image

Blog Image

Måtte berre ta med eit bilde av himmelen over huset vårt då vi kom heim på kvelden…

Blog Image



Leon reiser

veke 8 Posted on Wed, July 09, 2008 11:15

Så var det sistemann ut, Leon reiste saman med Trine til Trondheim, der skal han bo saman med Trine, Erlend og katten Sarah. Lykke til smiley !

Blog Image

Leon hadde ikkje tid til eit “søtt” avskjedsbilde, så vi fekk nokre mykje bedre i staden for smiley

Blog ImageBlog ImageBlog Image



Maya reiser

veke 8 Posted on Wed, July 09, 2008 10:48

Så kom dagen då Månetoppens Coriander, Maya, skulle reise. Ho skal bo i Oslo saman med Eva. Vi møtte Eva på Vigra og kjørte til Giske, der er det ei nydeleg sandstrand, og dei tre kvalpane og Emma storkosa seg.. Sjølv om Maya fann det nødvendig å grave seg ned i tide… Sand over alt såg ikkje ut til å legge ein dempar på nytelsane… smiley

Blog ImageBlog ImageBlog ImageBlog Image

Blog ImageBlog Image

Etter at vi hadde sagt hadet til Eva og Maya på flyplassen, reiste vi tilbake til stranda og tok nokre bilder av jenta vår:

Blog ImageBlog ImageBlog ImageBlog Image

Blog Image

Blog Image

Blog Image

Blog Image



På Mo

veke 8 Posted on Wed, July 09, 2008 10:43

Ein liten tur på Mo dagen før Maya skulle reise. Aktivitetsnivået stig og kroppskontrollen betrar seg for kvar dag…. bortsett frå øyrene då…smiley:

Blog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog Image

Sjølv med 10 mål med “racerbane” er det komposthaugen til Besten som fristar mest… her er Marie og Marie med ei som gang etter gang måtte rivast laus frå “godsakene”…

Blog ImageBlog Image

Blog Image

Blog Image



Portrett II

veke 8 Posted on Wed, July 09, 2008 10:27

Så var det dei to gutane sin tur. Teddy reiste til Ålesund, og kva var då meir naturleg enn å benytta anledninga til litt patriotisme smiley. I mangel på Rosenborg skjerf fekk broren litt andre “rammer”; ute på plenen der det er gode muligheiter for å bedrive aktiviteten han har spisskompetanse på… grave og ete gras… smiley

Månetoppens CousCous, Teddy:
Blog Image
Blog ImageBlog ImageBlog ImageBlog Image

Teddy kryssar potane for resten av sesongen…smiley

Blog Image

Månetoppens Ciabatta, Leon:
Blog ImageBlog ImageSååå fin…
Blog Image

… men sååå kjedelig smiley

Blog ImageBlog ImageBlog Image

Luringen smiley

Blog Image



Portrett I

veke 8 Posted on Wed, July 09, 2008 10:05

Før dei reiste tok vi “portrett” av kvar kvalp, først dei fire søte jentene i “fødselsrekkefølge” :

Månetoppens Coriander, Maya:
Blog Image Blog Image

Månetoppens Cayenne, Sine:
Blog ImageBlog Image

Månetoppens Cinnamon, Tyra:
Blog Image

Blog Image

Månetoppens Chili, Lilli:
Blog Image
Blog Image



Lilli reiser

veke 8 Posted on Wed, July 09, 2008 09:48

Litt på etterskudd kjem litt bilder frå søndag 29/6:

På morgonen reiste Lilli saman med Gunhild og Torbjørn til sin nye heim i Fannrem. Lykke til smiley!

Blog Image

Så var det tre igjen, det merkast godt at gjengen er halvert… Her er dei tre i full gang på plenen med ein liten diskusjon om kven som er den rettmessige eigaren til ein rosa kost og brett…smiley

Blog Image

Blog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog Image

Nokra av bilane som køyrer forbi er så bråkete at dei er verdt ein ekstra studie..

Blog Image

Blog Image

Her er Marie med jenta som skal vere igjen her

Blog Image

Siesta på verandaen, øverst dei to jentene, under guten.

Blog Image

Blog Image

Blog Image



8 veker

veke 8 Posted on Fri, July 04, 2008 01:43

Så var dagen komt, og med blanda følelser skal dei små- som ikkje er så små lenger… sendast ut i den store verda. Men med gode kvalpekjøparar er eg sikker på at alle dei fem som skal reise dei nærmaste dagane får det godt.

Først ut var Tyra, Månetoppens Cinnamon, ho reiste til Sør-Fron saman med Eli og Ole-Mathias.

Blog ImageBlog ImageBlog Image

Teddy, Månetoppens CousCous og Lilli, Månetoppens Chili har ein liten “diskusjon” om fasanen. Spørs om “viltbehandlinga” er heilt etter foreskriftene… smiley

Blog ImageBlog ImageBlog Image

Teddy gikk av med seieren, og Lilli fann seg noko anna spennande å utforske

Blog Image

Så var det tid for å sei hadet til Teddy, Månetoppens CousCous, han reiste til Spjelkavika, der han skal bo saman med Bernt Arve, Helen, Nathalie og Steven. Lykke til !

Blog ImageBlog Image



Next »