Blog Image

Kvalpedagbok

Om bloggen

Det er mykje som skjer frå ein kvalp vert fødd til den reiser til sin nye heim. Her kan du følge denne gjengen med goldenkvalpar dei åtte vekene dei skal vere her hos oss.
Velkomen :-)

Ei veke igjen…

veke 7 Posted on Thu, June 26, 2008 09:58

…til levering! Tre av gjengen reiser neste helg, og vi håper på nokre finevèrsdagar før dei reiser. Denne veka har også våre veldig våt, så her er litt bilder frå innelivet vi har hatt i det siste.. Heldigvis har vi tak over ein del av verandaen, så dei kan gå ut små turar om dei vil det, men “villmarkslivet” let vente på seg… Temperaturen har vore rundt 10 grader, så vi får ikkje akkurat følelsen av å ha “sommarkvalpar” smiley

Fredag fekk vi koselig besøk av “bestemor” Aiyana frå of Kelimoor og Randi frå Tiriltoppen, og kven andre enn Randi kjem på besøk med rikelig med vaffler til dei store golden-damen og ei fantastisk god kake med roser som symboliserer Emma med dei seks kvalpane rundt seg, og med “tantene” Aïda og Milla på sidene… Sverre og Marie kosa seg med bollar til kveldsmaten – også frå Randi si hand. “Randi er verdens flinkaste bakar” sa Marie, eg trur ho også (i likheit med dei store goldenvaffledamene) vurderer Skodje som ein svært aktuell plass å bu… Det var eit kjekt besøk, kvalpane fekk vise seg fram for “bestemor”, og vi kosa oss. Med tida gjekk så alt for fort, så einaste bildet eg har er av kaka… smiley

Blog Image

På kvelden etter besøket kosa Emma seg med kvalpane, mett og fornøgd med “vaffelhjerteblikk”… Rosa tispe har slått seg ned tett inntil si kjære mor, kanskje er det oppholdstillatelsen ho jobbar med ??

Blog Image

Blog ImageBlog Image

Denne hadde vore kjekt å fått hòl på…

Blog Image

Dette var ei spennande vannskål, snakk om å be om trøbbel…

Blog Image



Full fres…

veke 7 Posted on Wed, June 25, 2008 18:34

Her går dagane litt for fort, vi har tatt mange bilder, men det var dette med tid til å sette seg ned ved pc’en…
Her kjem nokre bilder som er ca ei veke gamle, så får vi prøve å kome àjour i løpet av eit par dagar smiley

Blog ImageBlog Image

Blog Image

Blog Image

Blog Image

Tunnellen blir sjelden brukt som tunnell og teltet sjelden brukt som telt, nye bruksområder vert stadig utforskasmiley
Her er det rosa tispe som rullar rundt i teltet…

Blog ImageBlog ImageBlog ImageBlog Image

Så var det Sverre sin robot som skulle utforskast, sjøl om den dansar, går og roper var det ingen som lot seg stoppe av den grunn…

Blog ImageBlog ImageBlog ImageBlog Image

Sverre får også gjennomgå med jamne mellomrom smiley

Blog ImageBlog Image

Onsdag var vi på besøk med Linn, her prøvar vi oss på å stå fint på bordet, Anna er innleigd som “klovn” smiley

Blog Image

Blog Image

Zuki på 14 veker er litt for stor til å leike med kvalpane, men ho hadde veeeeldig lyst!

Blog Image



Tur til Valldalen

veke 7 Posted on Tue, June 17, 2008 18:11

Søndag var vi på langtur til Valldalen og Fjørå. Det var god trening for kvalpane, køyre bil, fleire nye hagar å tisse i, og mange armkrokar å kose i (og naser å bite på…) Det gjekk veldig bra, alle sov seg gjennom bilturen, og det var spennande med nye “jaktmarker”. Emma kosa seg også, ho trivst alltid der det er mange hender som kan klappe smiley

Første bilda er frå Valldalsbesøket, der oldemor Else og oldefar Sverre bor med stor hage å boltre seg i, og god skugge under store morelltre:

Blog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog Image

Blog Image

Då vi skulle vidare, var det nokre som kom seg til bilen på eiga hand—

Blog ImageBlog Image

Medan andre sleit litt meir…

Blog Image

Prøver å våkne…!

Blog Image

Nei…det gjekk ikkje…

Blog Image

Vi har også ein tur inn i Fjøra til tante Sissel, der kvalpane fekk kose med –og smake på—Tonje og Jakob

Blog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog Image

Tonje har “fanga” eit kje til Marie smiley

Blog Image

Blog Image

På vegen heim stoppa vi i hagen til Tiriltoppane på Skodje, og Emma og kvalpane fekk enda meir klapp og kos med Randi, takk for lånet av hagen smiley