Blog Image

Kvalpedagbok

Om bloggen

Det er mykje som skjer frå ein kvalp vert fødd til den reiser til sin nye heim. Her kan du følge denne gjengen med goldenkvalpar dei åtte vekene dei skal vere her hos oss.
Velkomen :-)

Kvalpane er to veker

veke 2 Posted on Sun, May 18, 2008 23:18

I går vart kvalpane to veker, og dagen vart feira med hornmusikk, pomp og prakt… smiley
Synet og hørselen til kvalpane utviklar seg frå dag til dag, og ein kan sjå at dei beveger seg meir målretta både imot kvarandre, og ikkje minst mot melka… Fantastisk å sjå kor mykje som skjer berre frå ein dag til neste.

Med god hjelp frå Sverre fekk vi tatt nokre “bursdagsbilder” av dei søte små i går, ikkje alle var våkne nok til å vise seg frå “si beste side”, men dei lover å kome sterkare igjen seinare smiley

Først ei trøtt lita jente

Blog ImageBlog ImageBlog ImageBlog Image

Så ein bror som også kunne tenke seg å få sove vidare..

Blog Image

Eller kanskje smake litt på Sverre sin finger?

Blog ImageBlog Image

Milla er (som alltid) nysgjerrig tilskuar til det som skjer i kassa smiley

Blog Image

Blog Image

Blog Image

Milla er på plass for å helse på ei ny jente smiley

Blog ImageBlog Image

Kampen om “favorittpatten” har vorte meir framtredande, og det er ikkje lenger så stillt i kassa som det var…

Blog Image

Emma er fortsatt flink og tolmodig med kvalpane, men kunne nok snart tenke seg litt adspredelse i form av frisk fjelluft…

Blog Image

…så det er kanskje greit at ho ikkje veit kvar Aïda har vore i dag…smiley

Blog ImageBlog Image



Kvalpane er 11 dagar

veke 2 Posted on Wed, May 14, 2008 17:39

Det er fortsatt fred og ro i kassa, berre ein og annan liten beskjed til Emma om at dei kan tenke seg ny servering, så snart ho er på plass kjem det fornøgde grynt frå dei små før dei får “jackpot” og melka strøymer i store mengder. Kvalpane står på skjelvande føter og svelger unna så godt dei kan medan halane står i ein dirrande bue.
Dei siste dagane har det begynnt å kome små “prøvebjeff” frå kassa, for liksom å minne oss på kva vi har i vente i vekene framover. Dei har også tatt sine første “gyngande” steg rundt i kassa før dei strandar med haka opp på nærmaste mjuke søsken-pute. Augene held på å opne seg, og sjølv om det enda går fleire dager før synet er godt utvikla, gir det ein liten følelse av å sjå “kven dei er” når ein får sjå augene.

Ein av kvalpane har hatt ei natt med kolikksmerter, og medan eg gjekk heile natta og bar den og masserte, gjekk eg tretten år tilbake i tid… då gjekk eg i fleire månader med ein litt større baby på same måten… Bekymringane og medkjensla med dei små vesena sit djupt, men heldigvis er dette ein overgang, og ingenting er bedre enn når smertene slepp taket! Den vesle “pasienten” såg betrakteleg sprekare ut enn meg då det heile var over… smiley.

Dagens bilder:

Blog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog Image