Blog Image

Kvalpedagbok

Om bloggen

Det er mykje som skjer frå ein kvalp vert fødd til den reiser til sin nye heim. Her kan du følge denne gjengen med goldenkvalpar dei åtte vekene dei skal vere her hos oss.
Velkomen :-)

Snart ei veke gamle

veke 1 Posted on Fri, May 09, 2008 23:18

No er kvalpane snart ei veke gamle, og veks og trivast. Emma tek seg av og til små pauser frå kvalpekassa, det er nok godt for henne å få kvile litt mellom “slaga”. Ved første pip frå kassa er ho der igjen og sjekker forholda, og om det er noko ho treng hjelp til ser ho på meg eller gir frå seg eit lite klynk for å tilkalle “ho med hender”…

Her er ein liten stemningsrapport frå kvalpekassa, bilda dekker dei viktigaste hendingane: ete, sove, og drøyme at ein et litt meir…smiley
Bilda er frå dei to siste dagane (søtare for kvar dag som går….. smiley !?)
Blog Image

Blog Image

Blog Image

Blog Image

Blog Image

Blog Image

Blog Image



Bilder

veke 1 Posted on Tue, May 06, 2008 18:58

Alt går bra med kvalpane smiley. Deira tre behov (sove, melk inn, og andre ting ut…) blir tydelegvis tilfredsstillt, for dei små er stille og fornøgde.

Nokre bilder frå i går (to dagar gamle)

Blog Image

Blog ImageBlog Image

Dei fekk også prøve seg litt som “fotomodellar”smiley :

Blog Image

Blog Image

Blog Image

Blog Image

To nysgjerrige damer som gjerne vil helse på dei små nykomarane, men dei må nok finne seg i å bli kjent med dei på litt avstand først…

Blog Image

Blog Image

Bildet over er av den største jenta, her har ho funne seg ei behageleg stilling på foten til mamma. Ho ligg nok berre og “laddar opp” til neste runde i melkebaren, matlysta er det iallefall ingenting å sei på…

Og så… sorry Linn… forrige innlegg var nok skrive i halvsøvne…, TUSEN TAKK for kjempegod hjelp og godt selskap under fødselen smiley!!



Endelig!

veke 1 Posted on Sun, May 04, 2008 14:04

Emma sine søte små er født! Etter ein langsom start på fødselen kom kvalpane til verda som perler på ei snor frå kl 18.50 til 23.15 smiley

Blog Image

Den førstefødte jenta tar sats for å sikre seg dei første dråpane

Det kom først fire tisper, så to hannhundar, dei fem første jamne og fine med god størrelse. Sistemann var mindre enn dei andre, men han sugde se fast i matfatet med det same han kom ut, og der har han hengt sidan… så han har virkelig planar om å ta igjen det forsømte smiley

Blog Image

Dei fem første er født, hannen til venstre, så dei fire tispene.

Emma sitt morsinstinkt er upåklageleg… Det er såvidt ho har tid til å gå ut dei nødvendige ærenda, og eg får høglydte klager om eg ikkje klarer å opne døra raskt nok til “gjenforeningen”. Ho steller og vasker og kosar seg i kvalpekassa.

Blog Image

Etter ein fødsel som sprengte fleire tidsrammer “etter boka”, og med seks livskraftige, flotte kvalpar som resultat, ser eg at det kan lønne seg å ha “is i magen”, men det er jammen ikkje lett… Takk til Wigdis for gode råd på vegen!

Trass i lite søvn siste to døgna var det vanskeleg å legge seg til å sove etter ei sånn begivenheit, så natta vart tilbragt i kvalpekassa… (I know…smiley) Men med stor kasse og liten oppdrettar gjekk det bra smiley, komforten var ikkje den heilt store, men kven tenker vel på det med sånnt selskap…smiley Emma satte også pris på selskapet, og sov med hovudet på handa mi.

Eg gleder meg til å følge denne gjengen framover. Å sjå dei små utvikle seg både fysisk og mentalt til eigne små personlegheiter er utruleg spennande!

Blog Image

Blog Image

Blog Image

Blog Image