Endelig er eg i gang igjen med blogginga… Ein hektisk sommar er over, og dei første blogginnlegga blir “tilbakeblikk” fram til vi er ajour igjen 🙂
Sine sin første smak på den verkeleg store verda fekk ho då ho var 10 veker, ho var med på telttur til utstillinga til Vestnes Hundeklubb, utstillinga var på Landbruksskulen på Gjermundnes, eit nydeleg område. Det gjekk strålande, Sine storkosa seg med alle dei nye opplevelsane.
Vi campa saman med Linn og Arnfinn frå Kennel Melkebart og Hege og Hilmar frå Kennel Tiviniro, og kosa oss til langt på kveld. Sine var einaste “blondina” saman med Berner Sennen og Newfoundlandshundar, dei to Berner kvalpane på åtte veker var spesiellt spennande
På Gjermundnes er det store friområder og som teltturist var det godt å få stekke på beina innimellom…
Sjølve utstillinga gjekk veldig fredlig for seg for Sine sin del… Alle inntrykka tok på, så trass i mange nye “fans” som ville klappe og kose med henne, måtte dei stort sett nøye seg med å klappe undersida…
Linn i farta med Zuki,
– og Hege med Lotta
Der var dessverre ikkje Goldenar på utstillinga i år, men likevel fekk vi treffe to trivelege eksemplar av rasa, først Rebekka si tispe Deeside`s Magic Melody, Hulda. Rebekka vart forresten BIS2 på utstillinga med Berneren sin, Trulte! Gratulerer!
Så ein herleg ung mann frå Kennel Sadella, Marco. Synest han var ein nydeleg gut (berre 10 mnd!), og med eit fantastisk temperament. Kjekt å helse på ein av slekta ! Vi måtte prøve oss på nokre “vise fram” bilder som vi kunne sende til oppdrettar Wigdis (som også er oppdrettar av Sine si mor, Emma).
Inspirert av utstillinga prøvde vi oss på nokre ståbilder av Sine også…
—- før vi starta på vegen heim