17. August var vi på oldemorbursdag på Stranda. Heile familien var samla for å feire oldemor Else frå Valldalen som vart 85år. Frå oss er det fleire “ruter” for å kome til Stranda, men vi valgte veien gjennom Nordangsdalen for å få med oss den fine utsikta. Dei tre voksne hundane var att heime med luftevakt, men det vart for lenge for ei lita Sine, så ho fekk vere med. Ho hadde forsynt seg rikeleg av ei plante på verandaen før vi reiste smiley , så eg trur ho satte stor pris på å få seg nokre pauser på dei svingete vegane….smiley

Blog ImageBlog ImageBlog Image

Sine måtte vere ein del i bilen, men det gjekk fint med Marie som flink kvalpepassar. Ho lufta og ordna med vatn til den vesle “vegetarianaren”…

Blog ImageBlog Image