Blog Image

Kvalpedagbok

Om bloggen

Det er mykje som skjer frå ein kvalp vert fødd til den reiser til sin nye heim. Her kan du følge denne gjengen med goldenkvalpar dei åtte vekene dei skal vere her hos oss.
Velkomen :-)

8 veker

veke 8 Posted on Fri, July 04, 2008 01:43

Så var dagen komt, og med blanda følelser skal dei små- som ikkje er så små lenger… sendast ut i den store verda. Men med gode kvalpekjøparar er eg sikker på at alle dei fem som skal reise dei nærmaste dagane får det godt.

Først ut var Tyra, Månetoppens Cinnamon, ho reiste til Sør-Fron saman med Eli og Ole-Mathias.

Blog ImageBlog ImageBlog Image

Teddy, Månetoppens CousCous og Lilli, Månetoppens Chili har ein liten “diskusjon” om fasanen. Spørs om “viltbehandlinga” er heilt etter foreskriftene… smiley

Blog ImageBlog ImageBlog Image

Teddy gikk av med seieren, og Lilli fann seg noko anna spennande å utforske

Blog Image

Så var det tid for å sei hadet til Teddy, Månetoppens CousCous, han reiste til Spjelkavika, der han skal bo saman med Bernt Arve, Helen, Nathalie og Steven. Lykke til !

Blog ImageBlog Image



Snart reiser vi!

veke 8 Posted on Fri, July 04, 2008 01:36

Eit lite tilbakeblikk på dei siste dagane før kvalpane begynte å reise til dei nye eigarane:

“Tante” Elisabeth kom på besøk, og kvalpane sette stor pris på at ho hadde på seg ein topp som var som skapt for tennene deira smiley

Blog Image

Eit alternativ til å matraktere fine klesplagg er sjølvsagt å erte ei anna “tante”, denne gangen Milla

Blog Image

Litt av sjarmen(…?) med å bo på Vestlandet: Ein dag 7-8 grader og hagl, neste dag 25 grader og strålande sol

Blog Image

Blog Image

Blog ImageBlog ImageBlog ImageBlog Image

Jenta som skal til Fannrem får låne kosebamsen ho fekk i posten, og søskena stiller villig opp for å lage “kvalpelukt” på den smiley

Blog ImageBlog ImageBlog Image

Blog ImageBlog Image

Tre av jentene: fv. rosa, lys rosa og turkis

Blog Image