…til levering! Tre av gjengen reiser neste helg, og vi håper på nokre finevèrsdagar før dei reiser. Denne veka har også våre veldig våt, så her er litt bilder frå innelivet vi har hatt i det siste.. Heldigvis har vi tak over ein del av verandaen, så dei kan gå ut små turar om dei vil det, men “villmarkslivet” let vente på seg… Temperaturen har vore rundt 10 grader, så vi får ikkje akkurat følelsen av å ha “sommarkvalpar” smiley

Fredag fekk vi koselig besøk av “bestemor” Aiyana frå of Kelimoor og Randi frå Tiriltoppen, og kven andre enn Randi kjem på besøk med rikelig med vaffler til dei store golden-damen og ei fantastisk god kake med roser som symboliserer Emma med dei seks kvalpane rundt seg, og med “tantene” Aïda og Milla på sidene… Sverre og Marie kosa seg med bollar til kveldsmaten – også frå Randi si hand. “Randi er verdens flinkaste bakar” sa Marie, eg trur ho også (i likheit med dei store goldenvaffledamene) vurderer Skodje som ein svært aktuell plass å bu… Det var eit kjekt besøk, kvalpane fekk vise seg fram for “bestemor”, og vi kosa oss. Med tida gjekk så alt for fort, så einaste bildet eg har er av kaka… smiley

Blog Image

På kvelden etter besøket kosa Emma seg med kvalpane, mett og fornøgd med “vaffelhjerteblikk”… Rosa tispe har slått seg ned tett inntil si kjære mor, kanskje er det oppholdstillatelsen ho jobbar med ??

Blog Image

Blog ImageBlog Image

Denne hadde vore kjekt å fått hòl på…

Blog Image

Dette var ei spennande vannskål, snakk om å be om trøbbel…

Blog Image