Det er fortsatt fred og ro i kassa, berre ein og annan liten beskjed til Emma om at dei kan tenke seg ny servering, så snart ho er på plass kjem det fornøgde grynt frå dei små før dei får “jackpot” og melka strøymer i store mengder. Kvalpane står på skjelvande føter og svelger unna så godt dei kan medan halane står i ein dirrande bue.
Dei siste dagane har det begynnt å kome små “prøvebjeff” frå kassa, for liksom å minne oss på kva vi har i vente i vekene framover. Dei har også tatt sine første “gyngande” steg rundt i kassa før dei strandar med haka opp på nærmaste mjuke søsken-pute. Augene held på å opne seg, og sjølv om det enda går fleire dager før synet er godt utvikla, gir det ein liten følelse av å sjå “kven dei er” når ein får sjå augene.

Ein av kvalpane har hatt ei natt med kolikksmerter, og medan eg gjekk heile natta og bar den og masserte, gjekk eg tretten år tilbake i tid… då gjekk eg i fleire månader med ein litt større baby på same måten… Bekymringane og medkjensla med dei små vesena sit djupt, men heldigvis er dette ein overgang, og ingenting er bedre enn når smertene slepp taket! Den vesle “pasienten” såg betrakteleg sprekare ut enn meg då det heile var over… smiley.

Dagens bilder:

Blog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog ImageBlog Image